fredag 29. mai 2009

Mine Langtidsprosjekt


STRIKKA TEPPE
Nesten ferdig med halve teppet.
Strikkar remser på ca to meter, og heklar dei ihop etterkvart.
Planen er ti remser.
Samme mønster som tidlegare i bloggen min.
Garn: Rubin, Spar Kjøp
HEKLA TEPPE
Det blir mykje restar etterkvart..
Samlar opp og heklar sekskantar av dei.
No har desse lagt ca eit år utan at eg har hekla fleire.
Har tatt dei fram igjen no, og prøver å hekle ein sekskant for dag,
Hadde vore kjekt å få det ferdig snart..

Har ca 110 stk no.
Men må nok doble det antallet og vel so det, tenker eg:)
Spørs kor langt restegarnlageret mitt rekk...
Hvis det er nokon som har liggande restar, og ikkje skal bruke dei.
Er eg interessert, ta gjerne kontakt.
( Garn ca 23 m strikkefasthet )


Blir mykje labbar i bloggen min,
men det er ganske greit å strikke på innimellom teppa mine.
Såg døtrene til ei venninne av meg,
hadde fått noko lignande labbar av bestemor si.
Desse måtte eg berre prøve å lage. Sette i gang, og her er resultatet.
Hugsar ikkje om jentene sine var akkurat slik, men er ganske fornøgd likavel :)
Garn: Silja og Orkide Frå Spar Kjøp.

Ynskjer alle ei flott pinsahelg.

2 kommentarer:

  1. Eg kan ikkje hekle, men har så lyst å lære meg å hekle slike "bestemor" lappar. Eit slikt teppe hadde vore så godt å krype innunder innimellom. Det kvite teppet var jo berre kjempelekkert. Fortsatt fin pinse til deg og dine.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for hyggeleg kommentar i bloggen min! Kjekt å treffe "naboar" her inne :)

    Fant veldig masse fint her hos deg. Paraply-veskene er jo berre heilt fantastiske!! :D

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...