søndag 8. mai 2011

Tunika



Til påske sydde eg meg tunika.
Stoffet kjøpte eg hos SømBeem på Askvoll,
vår lokale sybutikk.
Gjekk inn der berre for å sjå..
..men då eg kom over dette stoffet,
måtte eg berre kjøpe :)
Stoffet er chiffong,
fora med jersey, eller t-skjortestoff, som eg kallar det.
Foret er sydd som ein smal kjole,
men sjølve kjolen er vidare nede.
For so å strekke foret i nederkant og sy det til kjolen,
då blir det fin balongeffekt.
Har sydd på lukkekant rundt hals og ermer,
so for og kjole heng ihop oppe òg.

Eg ha litt problem som fotomodell,
greier liksom ikkje å stå i ro..
Likar meg best bak kamera.
Men, men, eg er som eg er :)


Kanskje best eg set meg ned :)

Ha ein fin dag vidare.


7 kommentarer:

  1. Flott tunika og flott modell!!!
    Kjekt å kunne sy noko fint til seg sjølv - eg er ikkje der heilt enno. Men eg har nett sydd ein forklekjole i str. 1 år, og er spent korleis den blir på veslejenta:)
    Fortsatt god søndag!

    SvarSlett
  2. Knallfin tunika, Ann Tove.
    Lekker farge :-)

    Ha ein god søndagskveld.

    SvarSlett
  3. Du var fin,Ann-Tove,nydelig farge på tunikaen.

    SvarSlett
  4. Så lekker du blei i ny tunika. Fargane passa deg supert.

    Ha gode fine maidagar!

    Klem :)

    SvarSlett
  5. Den var flott, du er flink Ann Tove!:)

    SvarSlett
  6. Knallfin tunika! Du er så flink til å sy. Ha ei fin helg.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...